She Hunts: Takknemlig

9H5A4250.jpeg
CM0A6586_mindre.jpg
9H5A4257.jpeg
9H5A4237.jpeg
9H5A4231.jpeg
9H5A4250.jpeg
CM0A6586_mindre.jpg
9H5A4257.jpeg
9H5A4237.jpeg
9H5A4231.jpeg

She Hunts: Takknemlig

from NOK 5,900.00

Bilde: Takknemlig, 2017, frå serien She Hunts.

Dette fotografiet er frå elgjakt i Øst-Finnmark. Eg skulle ta eit foto for jegerane på laget, og har ein del bilder der skytteren er glad og stolt og smiler til kamera. Sånne bilder som du garantert har sett, der våpen er synlig, jegeren glad, dyret sånn høvelig plassert uten for mange innvollar og blod smurt ut over. Desse bildene bruker eg sjeldan sjøl, men dei er kjekke å ha for jegerane, og eg tek alltid nokre bilder som ein takk for at eg får vera med dei. Men så, midt under ei slik «trofé-fotografering», lener skytteren seg ned og gir dyret ein takk. Å skyta og drepa eit svært dyr er brutalt, og det er seier og lykke, men ofte blanda med andre følelsar. Både sorg, takknemlighet og jubel skjer samtidig i eit menneske.

Ein av vår tids mest anerkjente dokumentarfotografar, Mads Nissen, fortalte i eit foredrag om kva han såg etter i sine fotografier. Nissen fotograferer ekte problem: fattigdom, sult, konflikt, vold, narko, all verdas vondskap. Men han fortalte at det han så etter når han fotograferte, er det som berører oss alle som mennesker: kjærleik. Kjærleik finst i krigsherja land og i sultkatastrofar. Kjærleik finst i familien som må selga eldstesønnen si nyre på det svarte markedet for å få pengar til mat. Kjærleik er over alt, også der du forventer å ikkje finna den.

Denne tanken traff meg. Eg synes eg kan sjå noko av det samme i dette fotografiet: den brutale jegeren som har skutt og drept, viser respekt og kjærleik overfor dyret ho nett har tatt livet av. Ting er ikkje enten/eller. Det synes eg er skikkelig fint å få lov å dokumentera. Og eg meiner det er det motsatte av «disturbing». Det er så menneskelig som du får det.

Størrelse og pris:

Liten: 20x30 cm, 5.900 kr+ Kunstavgiften på 5%

Medium: 33x50 cm, 16.900 + Kunstavgiften på 5%

Stor: 67x 100 cm, 26.900 kr + Kunstavgiften på 5%

Papir: Canson platinum fibre rag

Opplag: 10 eks. 4 av 10 solgt per sep 2025.

Leveringstid: 6-8 veker.

Kjøper du eit print frå She Hunts, kjøper du eit kunstverk. Biletet har eit begrensa opplag på 10 eksemplarer, og det vert ikkje laga fleire.* Printet vert signert og nummerert av kunstnar.

Fotografiet vert printa på papiret Canson platinum fibre rag, på Studio Technika i Oslo. 

Alle print vert seld utan ramme. Kunstnar gir gjerne innspel til innramming og anbefaler rammeverkstader.

Kunstavgiften: ved salg av kunst i Noreg kjem i tillegg ei kunstavgift på 5% av kjøpesummen. Denne er inkludert i prisen du betaler og blir lagt til automatisk.

* i tillegg til opplaget på 10 har kunstnar eit eige eksemplar til visningar.

Size:
Quantity:
Kjøp dette verket!