She Hunts: Samarbeid

9H5A8952.jpg
9H5A8952.jpg

She Hunts: Samarbeid

from NOK 5,900.00

Bilde: Samarbeid, 2022, frå serien She Hunts.

Gåte: Kor mange blondiner trengs for å løfta ein hjort? 
Svar: Fem. Fire jegerar og ein fotograf.

Fotografiet viser fire kvinner som løfter ein hjort opp på ein bil. Det ser litt komisk ut, og det her er den typen situasjonar eg elsker. Jakt er liv, død og sterke opplevingar, og det er ein sånn litt corny scene der dei lemper eit dødt dyr opp på reservehjulet bakpå bilen. Storviltjakt er som regel samarbeid, det er godt å vera fleire når det skal løftast og berast tungt. Og det er no ein gang slik at kvinner er svakare enn menn, og derfor gjerne har bruk for å vera enno fleire. Og akkurat denne situasjonen trur eg ikkje hadde ikkje oppstått dersom eg var på jakt med fire karar. For det første hadde dei ikkje trengt å væra så mange for å få løfta dyret. Men det er og noko med måten det blir gjort på. Det er nærleiken, at dei står så tett, at dei løfter i lag, at dei har dei feminine rørslene. Det likte eg godt. 

Fotografert på hjortejakt i Lyse Kloster utanfor Bergen, 2022.

Størrelsar:

Stor: 67x 100 cm: 22.900 kr + Kunstavgiften på 5%

Medium: 33x50 cm: 12.900 kr + Kunstavgiften på 5%

Liten: 20x30 cm: 5.900 kr + Kunstavgiften på 5%

Papir: Canson platinum fibre rag, printes på Studio Technika i Oslo

Opplag: 10 eks.

Leveringstid: 6-8 veker.

Kjøper du eit trykk frå She Hunts, kjøper du eit kunstverk. Biletet har eit begrensa opplag på 10 eksemplarer, og det vert ikkje laga fleire, utanom kunsnar sitt eige eksemplar. Trykket vert signert og nummerert av kunstnar, og sendt til deg med Posten.

Alle trykk vert seld utan ramme. Kunstnar gir gjerne innspel til innramming og anbefaler rammeverkstader.

Kunstavgiften: ved salg av kunst i Noreg kjem i tillegg ei kunstavgift på 5% av kjøpesummen. Denne blir lagt til ved checkout.

Standard porto i Noreg: 300 kr.

Size:
Quantity:
Kjøp dette verket!