She Hunts: Morgon i Bekkarfjord
She Hunts: Morgon i Bekkarfjord
Bilete: Morgon i Bekkarfjord frå serien She Hunts.
Det er avsindig tidlig om morgonen og vi er allereie langt unna leiren, og langt inn i terrenget. Dei standhaftige små fjellbjørkene klorar seg fast i den karrige jorda og strekker dei krokete greinene sine ut mot oss.
Det er noko trolsk over naturen på denne tida av døgnet. Lyset kjem sigande, hakk for hakk, men lovar ingenting. Kva vil dagen bringa? Jakt er eit usikkert prosjekt. Vi kan legga til rette for både det eina og andra, men til sjuande og sist er det naturen som bestemmer det meste. Vi må møta dagen som den kjem. Her vi står i grålysninga kan vi framleis undra oss over fortsettelsen.
Fotografert i Bekkarfjord i Øst-Finnmark i 2021.
Dette motivet kan kjøpes ferdig innramma i størrelse 100x67 cm, i ramma du ser på bilde nr 2. Send mail til ingerid@ingeridjordal.no for å bestille det.
Papir: Canson platinum fibre rag.
Størrelse og pris:
Stor: 100x67 cm, 26900 kr + Kunstavgiften på 5%
Medium: 50x33 cm, 14900 kr + Kunstavgiften på 5%
Liten: 30x20 cm, 6900 kr + Kunstavgiften på 5%
Leveringstid: 6-8 veker.
Kjøper du eit bilde frå She Hunts, kjøper du eit kunstverk. Bildet har eit begrensa opplag på 10 eksemplarer, og det vert ikkje laga fleire. Bildet vert signert og nummerert av kunstnar, og sendt til deg med Posten.
Alle trykk vert seld utan ramme. Kunstnar gir gjerne innspel til innramming og anbefaler rammeverkstader.
Kunstavgiften: ved salg av kunst i Noreg kjem i tillegg ei kunstavgift på 5% av kjøpesummen. Denne blir lagt til prisen ved checkout.
Standard porto i Noreg: 300 kr.
